Hopp til innhold
X
Innhald

Tiltalevedtak

Tiltalevedtak, vedtak som blir skrive av påtalemakta om at det blir reist straffesak mot ein person for ei straffbar handling som ein meiner at ho/han har gjort. Tiltalevedtaket skal mellom anna innehalde ei skildring av den straffbare handlinga og gi opp kva for straffereglar som kjem i bruk.
Kompetansen til å skrive tiltalevedtak er avhengig av kor grov handlinga er. Politiet er som hovudregel kompetent i saker om misferd og statsadvokaten i dei fleste sakene om brotsverk. Kongen i statsråd er gitt mynde til å delegere påtalekompetanse frå statsadvokat til politiet i saker som skjer ofte (særleg lekamsfornærming, innbrot og enkle narkotikabrotsverk).
Ved brotsverk som kan bli straffa med fengsel i inntil 21 år, brotsverk i trykt skrift og visse andre brotsverk, må riksadvokaten reise tiltale. Kongen i statsråd må avgjere spørsmålet om tiltale dersom handlinga er gjord i teneste av embetsmann eller tenestemann som er tilsett av Kongen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.06.2012
Sist oppdatert: 14.06.2012