Hopp til innhold
X
Innhald

Tort

Tort (av latin torquere, ’dreie, pine’), krenking, skam eller noko ubehageleg. Juridisk blir omgrepet brukt om immateriell skade, altså skade av ikkje-økonomisk art. I skadeerstatningslova er det fastsett at dersom nokon med forsett eller grov aktløyse har skadd lekamen eller helsa til ein annan, eller krenkt fridomen til vedkomande, kan retten påleggje den skuldige å yte den fornærma ein eingongssum for torta og smerta som er valda, eller for annan skade av ikkje-økonomisk art. Det same gjeld ved enkelte andre brotsverk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.06.2012
Sist oppdatert: 14.06.2012