Hopp til innhold
X
Innhald

Underslag

Underslag, det at ein person avhendar, pantset, forbrukar eller på annan måte tileignar seg lausøyre som høyrer til ein annan, eller at han rettsstridig disponerer pengar han har skaffa inn for ein annan eller som på annan måte er tiltrudd han, med mål om å skaffe seg sjølv eller andre ei urettmessig vinning. Straffa er fengsel i inntil 3 år, eller i inntil 6 år dersom underslaget er grovt. Meir bagatellmessige underslag blir dømde som nasking.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.06.2012
Sist oppdatert: 14.06.2012