Hopp til innhold
X
Innhald

Ungdomsfengsel

Ungdomsfengsel, type straff som vart innført ved lov av 1965, og som avløyste arbeidsskulen. Dom på ungdomsfengsel kunne bli gitt overfor personar under 21 år, og han og gav heimel for å halde den domfelte i fengsel inntil 2 år, med tilgang til lauslating etter 9 månader. Denne reaksjonen møtte sterk kritikk, mellom anna fordi lengda på straffa var så usikker. Ungdomsfengsel vart oppheva i 1975.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.06.2012
Sist oppdatert: 14.06.2012