Hopp til innhold
X
Innhald

Uniform

Uniform (av latin, ’einsarta’), tenestedrakt. Uniformering av militært mannskap har funne stad sidan 1500-talet. Elles er det i Noreg forbode å bere uniform, uniformsdelar, armbind eller iaugefallande teikn som peikar ein ut som tilhengjar av ein politisk organisasjon eller ei meiningsretning, jf. lov av 1937.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.06.2012
Sist oppdatert: 14.06.2012