Hopp til innhold
X
Innhald

Unnlating

Unnlating, nemning i strafferetten på dei tilfella der ein person har late vere å handle i ein situasjon der vedkomande har plikt til det. Slik unnlating er i mange tilfelle straffbart, til dømes unnlating av å hjelpe nokon i openberr livsfare, eller unnlating av å oppfylle familierettsleg underhaldsplikt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.06.2012
Sist oppdatert: 14.06.2012