Hopp til innhold
X
Innhald

Utandingsprøve

Utandingsprøve (populært kalla alkotest), prøve som ved mistanke om promillekøyring kan fastslå om føraren er påverka eller ikkje med stor grad av sikkerheit. Sidan 1981 har ein motorvognførar hatt plikt til å medverke til ei utandingsprøve i slike situasjonar: 1) Dersom det er grunn til å tru at føraren har gjort seg skuldig i promillekøyring eller etterfølgjande nyting av alkohol, 2) dersom det er grunn til å tru at føraren har brote andre reglar som er gitte i eller i medhald av vegtrafikklova, og departementet har bestemt at brotet kan ha slik verknad, 3) dersom føraren med eller utan eiga skuld har vorte innblanda i trafikkuhell, eller 4) dersom føraren har blitt stoppa i trafikkontroll. I det siste tilfellet kan utandingsprøve bli teken uavhengig av mistanke om promillekøyring. Det er ikkje straffbart å nekte å medverke, men det fører vanlegvis til at ein tek blodprøve av føraren i staden.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.06.2012
Sist oppdatert: 14.06.2012