Hopp til innhold
X
Innhald

Varetektsfengsel

Varetektsfengsel, nemning på fengsling som skjer under etterforskinga. Avgjerd om varetektsfengsling blir teken av forhøyrsretten. Framstilling for varetekt må skje snarast mogleg, dvs. dagen etter pågripinga dersom mogleg. Under denne framstillinga skal den pågripne omtrent alltid få bistand av ein forsvarar. Dersom forhøyrsretten finn at vilkåra for fengsling er innfridde, og at denne moglegheita bør bli brukt, fastset retten ei maksimumstid for kor lenge politiet kan halde den sikta i varetekt. Maksimumstida kan seinare bli forlengd, jf. straffeprosesslova. Tida i varetektsfengsel går som frådrag frå eventuell straff.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.06.2012
Sist oppdatert: 15.06.2012