Hopp til innhold
X
Innhald

Villfaring

Villfaring, prinsipp i strafferetten. Ein skil mellom rettsvillfaring, dvs. at ein har misforstått eller ikkje kjent dei aktuelle rettsreglane, og faktisk villfaring, at ein har misforstått eller vore ukjend med eit faktisk forhold. Rettsvillfaringa fører berre til straffridom dersom ein kan unnskylde henne. Det er sjeldan tilfelle. Ved faktisk villfaring er det svært viktig om det aktuelle straffebodet har forsett som skuldkrav, eller om også aktløyse er straffbart. I det første tilfellet fører villfaring til straffridom, og i det andre må ein undersøkje om gjerningsmannen burde ha hatt kjennskap til dei faktiske forholda.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.06.2012
Sist oppdatert: 15.06.2012