Hopp til innhold
X
Innhald

Vitne

Vitne, person som gir ei forklaring om kva ho/han ved eit visst tilfelle har sett, høyrt, tenkt, meint, følt eller sagt. Som regel har alle plikt til å møte og forklare seg som vitne for retten. Til vanleg skal eit vitne forklare seg direkte (på staden) for den retten som skal avgjere saka. I høgsterettssaker og dersom vitnet bur langt vekke, forklarar vitnet seg ved bevisopptak for den lokale tingretten. Personar som står den tiltala eller partane nær, kan nekte å gi forklaring. Vidare kan alle vitne nekte å svare på spørsmål som kan utsetje ein sjølv eller dei næraste for straff eller tap av borgarleg akting.
Vitneplikta er nærare regulert i tvistemålslova og straffeprosesslova. Etter lov om nordisk vitneplikt av 1975 kan ein person som er busett eller oppheld seg i Noreg, også bli pålagd å møte som vitne i eit anna nordisk land.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.06.2012
Sist oppdatert: 15.06.2012