Hopp til innhold
X
Innhald

INF-avtalen

INF-avtalen (av engelsk Intermediate-Range Nuclear Forces), nedrustingsavtale mellom USA og SSSR som vart underteikna i 1987. Avtalen forplikta partane til å fjerne og øydeleggje alle landbaserte kjernefysiske mellomdistanserakettar som var utplasserte i Europa. Avtalen innebar også eit omfattande kontrollregime, og han var fullt gjennomført i 1991. Sjå elles dobbeltvedtaket.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.05.2013
Sist oppdatert: 28.05.2013