Hopp til innhold
X
Innhald

ISAF

ISAF er ei fellesnemning på dei internasjonale styrkane i Afghanistan. Noreg har delteke mellom anna med Telemark bataljon.
ISAF (International Security Assistance Force), fellesnemning på dei internasjonale styrkane i Afghanistan. Hovudoppgåva er støtte ved gjenoppbygging av landet og dessutan støtte til utdanning av afghanske tryggingsstyrkar. Noreg har delteke i Afghanistan med spesialstyrkar, F-16 kampfly, kompanieiningar av Telemark bataljon, ingeniøravdelingar, CIMIC-personell (Civil-Military Co-operation) og ei kirurgisk eining.
 
Over: Telemarkbataljonen i Faryab i Afghanistan. Foto: ISAF Media, flickr.com CC BY 2.0
Under: ISAF i Afghanistan. Foto: Bundeswehr/ISAF Public Affair, flickr.com CC BY 2.0

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.05.2013
Sist oppdatert: 28.05.2013