Hopp til innhold
X
Innhald

KGB

KGB (Komitet gosudarstvennoj bezopasnosti, ’Komiteen for statstryggleiken’), sovjetisk regjeringsorgan.Innanfor Sovjetunionen disponerte KGB eit omfattande apparat for politisk overvaking og undertrykking av opposisjon, og KGB var ein avgjerande maktfaktor i det sovjetiske systemet.

KGB (Komitet gosudarstvennoj bezopasnosti, ’Komiteen for statstryggleiken’), sovjetisk regjeringsorgan. Frå 1954 til oppløysinga av Sovjetunionen (SSSR) var namnet brukt om det sovjetiske politiske politiet.
Kort tid etter oktoberrevolusjonen i 1917 oppretta sovjetregjeringa det såkalla Tsjeka, som organiserte «den raude terroren» under borgarkrigen og som oppretta dei første konsentrasjonsleirane. Denne eininga vart omorganisert som GPU i 1922, og som OGPU i 1923. I 1930 vart det innanfor OGPU oppretta ei eiga avdeling for administrasjon av leirsystemet, GULag.
I 1934 vart oppgåvene til OGPU overførte til det nyoppretta NKVD (Narodnyj komissariat vnutrennikh del, ’Folkekommissariatet for innanrikssaker’). Under leiarane Genrikh Jagoda og Nikolaj Jezjov organiserte NKVD dei enorme utreinskingane og masseterroren i 1930-åra. Det poliske politiet vart i 1941 skilt ut som ei eiga eining med namnet NKGB (Narodnyj komissariat bezopasnosti, ’Folkekommissariatet for statstryggleiken’).
Det politiske politiet gjekk seinare gjennom ei rekkje namne- og organisasjonsmessige endringar fram til KGB vart oppretta i 1954. Innanfor Sovjetunionen disponerte KGB eit omfattande apparat for politisk overvaking og undertrykking av opposisjon, og KGB var ein avgjerande maktfaktor i det sovjetiske systemet. Leiinga i KGB var sentrale i det mislukka kuppforsøket i Sovjetunionen sommaren 1991.
Funksjonane til KGB er i dag tekne over av ulike institusjonar. Den indre tryggingstenesta ligg under FSB (Federalnaja sluzjba bezopasnosti, ’Den føderale tryggingstjenesta’), og den utanlandske etterretningsverksemda er overført til SVR (Sluzjba vnesjnej razvedki, ’Tenesta for etterretning i utlandet’).


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.05.2013
Sist oppdatert: 28.05.2013