Hopp til innhold
X
Innhald

Prøvestansavtalar

Prøvestansavtalar, internasjonale avtalar som avgrensar eller forbyr prøver med kjernefysiske sprengingar med militært føremål.

Prøvestansavtalar, internasjonale avtalar som avgrensar eller forbyr prøver med kjernefysiske sprengingar med militært føremål. Omgrepet kan også vise til konkrete avtalar: Prøvestansavtalen av 1963 forbaud prøver i atmosfæren, det ytre rommet og under vatn. Den allmenne prøvestansavtalen forbyr alle former for militære kjernefysiske sprengingar, og han vart vedteken av Hovudforsamlinga i FN i 1996.
 
Foto: Atomprøvesprening i Nevada i USA i 1953. Foto: US Government. Kjelde: International Campaign to Abolish Nuclear Weapons, flickr.com. CC BY 2.0

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.05.2013
Sist oppdatert: 29.05.2013