Hopp til innhold
X
Innhald

SBS

SBS (Special Boat Squadron), britisk maritim spesialeining innanfor Royal Marines. SBS vart grunnlagd under den andre verdskrigen. Eininga utførte sabotasjeoppdrag mot fiendtlege skip, mellom anna i Middelhavet, og ho har delteke i diverse krigar og konfliktar i heile etterkrigstida. SBS blir gjerne nytta til spesielt krevjande maritime spesialoperasjonar, mellom anna antiterroroppdrag mot oljeinstallasjonar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.05.2013
Sist oppdatert: 29.05.2013