Hopp til innhold
X
Innhald

Special Air Service

Special Air Service (forkorta SAS) er ein spesialstyrke i den britiske hæren. 

Special Air Service, britisk spesialavdeling som vart grunnlagd i 1941 av kaptein David Stirling. Avdelinga opererte i mindre patruljar langt bak linjene til fienden i Nord-Afrika, og seinare i Europa. SAS har delteke i diverse krigar og konfliktar i heile etterkrigstida.

Avdelinga blir nytta til særs krevjande spesialoperasjonar, mellom anna til antiterroroppdrag. Mottoet til Special Air Service er «Who Dares Wins».

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.05.2013
Sist oppdatert: 21.08.2017