Hopp til innhold
X
Innhald

US Marine Corps

US Marine Corps, amerikansk marineinfanteri med landgangsoperasjonar som hovudoppgåve. Det vart grunnlagt i 1775. Infanteriet er organisert i sjølvstendige korps med integrerte fly- og flåtestyrkar. Det er spesielt kjent for innsatsen i Stillehavet under den andre verdskrigen, men det har delteke i dei fleste krigane og konfliktane der USA har vore involvert. USMC har førehandslagra materiell i Noreg.
Under:
US Marine Corps. Foto: USMC, kjelde; US Departement of Agriculture, flickr.com CC BY 2.0

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.05.2013
Sist oppdatert: 29.05.2013