Hopp til innhold
X
Innhald

Warszawapakta

Warszawapakta, militær-politisk allianse som vart underteikna i Warszawa 14. mai 1955 av Sovjetunionen, Albania, Bulgaria, DDR, Tsjekkoslovakia, Ungarn, Polen og Romania. Albania trekte seg ut i september 1968.
Pakta forplikta til forsvar av territoria til medlemsstatane. Sovjetunionen hadde også bilaterale avtalar om gjensidig assistanse med dei same statane.
Warszawapakta var dominert av Sovjetunionen, og hovudorgana – den politiske komiteen med representantar for medlemsstatane samt einingskommandoen for dei militære styrkane – hadde sete i Moskva. Det var stasjonert sovjetiske troppestyrkar i medlemslanda (unnateke Romania og Bulgaria). Dei politiske omveltingane i Aust-Europa i 1989–90 leidde fram til at Warszawapakta oppløyste seg sjølv våren 1991.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.05.2013
Sist oppdatert: 29.05.2013