Hopp til innhold
X
Innhald

ABM

ABM (Anti-Ballistic Missile), missil som er konstruert for å øydeleggje andre missil. ABM-traktaten, som vart underteikna av SSSR og USA i 1972, avgrensa dei to landa si utplassering av ABM-system til forsvar mot strategiske atomrakettar til to stader. USA trekte seg frå avtalen i 2002.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.05.2013
Sist oppdatert: 28.05.2013