Hopp til innhold
X
Innhald

Alpejegerar

Alpejegerar eller bergjegerar, bergtroppar som er utdanna for kamp i fjell. Dei var opphavleg friskarar som vart oppretta av Giuseppe Garibaldi i 1859. Seinare vart det også etablert troppar i Frankrike, Austerrike-Ungarn og Tyskland. Dei spelte ei viktig rolle både under den første og den andre verdskrigen. Alpejegertroppar eksisterer framleis i Frankrike, Tyskland, Austerrike, Romania og Italia.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 23.04.2013