Hopp til innhold
 Artilleri. Foto: ep_ jhu, flicckr.com CC BY
Artilleri. Foto: ep_ jhu, flicckr.com CC BY
X
Innhald

Artilleri

Artilleri, militært omgrep med fleire tydingar. For det fyrste er det brukt som nemning på tyngre eldvåpen, som kanonar, haubitsar, rakettkastarar og missilsystem, med ammunisjonen som høyrer til. Det kan også vise til læra om tyngre skytevåpen og verkemåten deira. Vidare kan det vere snakk om våpenutrustinga på eit krigsfartøy eller i ei festning. Artilleri er dessutan ei nemning på tenestegreiner av hæren med artilleri som hovudvåpen, som luftvernartilleri, bergartilleri, kystartilleri og festningsartilleri.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.04.2013
Sist oppdatert: 23.04.2013