Hopp til innhold
X
Innhald

Bofors

Bofors, eit tidlegare svensk forsvarsindustrikonsern med hovudkvarter i Karlskoga. Konsernet er i dag delt mellom SAAB og BAE. Bofors var storprodusent av kanonar og ammunisjon, og det best kjende produktet deira var luftvernkanonen 40 mm Bofors, som mange land brukte under og etter den første verdskrigen. I 1980-åra var Bofors involvert i ei korrupsjonssak, då dei selde 155 mm felthaubitsar FH 77 B til India, og smugla 300 luftvernrakettar RB 70 til Dubai og Bahrain.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.02.2012
Sist oppdatert: 14.02.2012