Hopp til innhold
X
Innhald

Brigade

Brigade, militær avdeling på 3000–5000 mann, til dømes infanteribrigade, mekanisert brigade eller panserbrigade. Ein moderne brigade omfattar normalt 3–4 manøverbataljonar, dvs. infanteri- og panserbataljonar, i tillegg til støtte- og forsyningsavdelingar, slik at han kan føre sjølvstendig strid. Sjefen er normalt oberst eller brigader.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.04.2013
Sist oppdatert: 23.04.2013