Hopp til innhold
X
Innhald

C-130 J Hercules

C-130 J Hercules, militærfly. Noreg kjøpte i 2010 fire C-130 J-30 Hercules, som erstatta dei seks C-130-flya som hadde vore i bruk sidan 1969. C-130 J er ei modernisert utgåve av C-130, kan fly raskare og lengre, og har større rekkjevidde og lasteevne. C-130 har vore produsert sidan 1956, i 40 ulike modellar. Meir enn 60 land har kjøpt flyet, som er laga i meir enn 2300 eksemplar. C-130 er det einaste militærflyet som har vore produsert i meir enn 50 år.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.02.2012
Sist oppdatert: 19.03.2012