Hopp til innhold
X
Innhald

F-35

F-35, Lockheed Martin F-35 Lightning II er eit multirolle, femtegenerasjons «stealth»-kampfly, som skal produserast i tre utgåver. F-35 A kan brukast frå vanlege flyplassar, F-35 B frå små feltflyplassar (STOVL), og F-35  frå hangarskip. Flya vart tidlegare kalla Joint Strike Fighter.
Noreg skal kjøpe 54 F-35 A, som skal erstatte dei noverande F-16. Ti land har så langt tinga rundt 300 fly, men prosjektet slit med å halda seg innanfor dei budsjetterte kostnadene, og framdrifta verkar noko usikker.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.02.2012
Sist oppdatert: 14.02.2012