Hopp til innhold
X
Innhald

FN-operasjonar

FN-operasjonar, fredsopprettande eller fredsbevarande operasjonar i FN-regi. Operasjonane kan vere svært ulike, det kan vere reine observatøroppdrag (UNTSO) eller fredsopprettande oppdrag, som til dømes United Nations Command i Korea i 1950. Der slo ein tilbake angrep, og skapte igjen fred og stabilitet i området. I 1953, då den operasjonen var på sitt største, var der i alt 932 964 soldatar. 16 land stilte med tropper, medan 5 deltok med humanitær hjelp.  I 2011 var det 15 FN-operasjonar i fire verdsdelar. Noreg var med i tre slike, UNMIK i Kosovo, UNTSO i Midt-Austen, og UNMIS i Sudan.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.02.2012
Sist oppdatert: 14.02.2012