Hopp til innhold
X
Innhald

Gerilja

Gerilja (av spansk guerilla, småkrig), ein kamp med små avdelingar som angrip fienden med bråe, lynraske overfall. Under andre verdskrigen vart slik krigføring òg kalla partisankrig. Geriljakrig er ofte brukt i område med mykje fjell og skog, der det er dårlege kommunikasjonar. Det er oftast den veikaste parten i ein krig som nyttar denne stridsforma, som gjerne vert brukt av frigjeringsrørsler tidleg i ein konflikt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.02.2012
Sist oppdatert: 10.02.2012