Hopp til innhold
X
Innhald

Granat

Granat (frå latin granatus, som inneheld kjernar, korna), prosjektil, ei metallhylse fylt med sprengstoff. Det finst fleire ulike granatar. Ein sprenggranat eller brisant-granat har tjukke veggar, slik at det skal oppstå kraftige splintar ved eksplosjonen. Ein minegranat er fylt med så mykje sprengstoff som råd. Ein pansergranat er laga av spesialstål, slik at han kan trengja gjennom panserplater. Av spesialgranatar kan nemnast lysgranatar, røykgranatar, tåregassgranatar og branngranatar. Granatar kan anten eksplodere i lufta eller etter nedslaget.
Granat er også ei gruppe silikat-mineral med like eigenskapar, men med ulik kjemisk oppbygging. Desse kan ha alle fargar bortsett frå blå. Fargane kjem av små mengder jern, mangan, krom eller titan. Mange granatar vert nytta som smykkesteinar.
Granatar finst vesentleg i gneis, glimmerskifer og amfibolittar, og det finst fleire typar: Pyrop inneheld mellom anna magnesium og aluminium, er mørkt blodraud og finst i bergartar som er danna under høgt trykk, mellom anna på Vestlandet. Pyropar av smykkesteinskvalitet vert selde under handelsnamna bøhmisk rubin, Arizona-rubin og Kapp-rubin. Almandin inneheld mellom anna jarn og aluminium, er raudbrun, finst i regionalmetamorfe bergartar og går under handelsnamna Ceylon-rubin og Arizona-spinell. Spessartin inneheld mellom anna mangan og aluminium, er brunraud eller gullfarga og finst særleg på pegmatittgangar. Grossular inneheld mellom anna kalsium og aluminium, og er grønnfarga, medan ein raudgul type vert kalla hessonitt eller kanelstein, denne finst på kontaktførekomstar. Andraditt inneheld kalsium og jern, og er brunsvart, medan variantane melanitt, demantoid og topasolitt er høvesvis gråsvart, grøn og grøngul. Desse finst òg på kontaktførekomstar. Uvarovitt inneheld kalsium og krom.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.02.2012
Sist oppdatert: 10.02.2012