Hopp til innhold
X
Innhald

Hær

Hær eller armé, del av det samla forsvaret til eit land. Hæren er alle stridskreftene til lands. Den norske hæren vart i mellomalderen utvikla på grunnlag av leidangen. Før Stiklestadslaget i 1030 vart alle større slag i Noreg utkjempa til sjøs. På 1400-talet forfall den norske hæren, og på 1500-talet var landet utan forsvar. I 1628 innførte Christian IV igjen hæren, som han delte inn i regiment.
I 1814 vart ålmenn verneplikt påboden gjennom Grunnlova, men vart i praksis ikkje innført før seinare. Forsvaret vart styrka i 1885, då innføringa av hærordninga førte med seg tre oppbod: linja (fem årsklassar), landvernet (fire årsklassar), og landstormen (fire årsklassar).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.02.2012
Sist oppdatert: 10.02.2012