Hopp til innhold
 
 Foto: Jan Erik Kvam, flickr.com CC BY
Foto: Jan Erik Kvam, flickr.com CC BY
X
Innhald

Hærordning

Hærordning, det systemet hæren til ein stat er ordna etter. I prinsippet skil ein mellom tre hovudtypar:
I militssystemet er det teoretisk ingen fagmilitære, berre vernepliktige som er inne til øvingar ei kort tid i året i eit visst tal år. Hæren i Sveits er i hovudsak eit slikt system.
I kadersystemet er det eit fastlønna befal som utgjer kadrane (rammene) som dei vernepliktige ved øvingar og mobilisering blir føydde inn i. Den norske hæren var eit kadersystem.
I ein ståande hær er eit visst tal avdelingar alltid sette opp med delvis eller full krigsstyrke.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.04.2013
Sist oppdatert: 23.04.2013