Hopp til innhold
X
Innhald

IFOR

IFOR, Implementation Force, ein fredsbevarande operasjon i Bosnia-Hercegovina, for å tvinge gjennom Dayton-avtalen av 22. november 1995, om deling av og fred i landet. Operasjonen vart leia av NATO, og frå 20. desember 1995 vart 54 000 soldatar frå 32 land utplasserte for å sikre gjennomføringa. Dette var den første out of area-operasjonen til NATO, og vart i desember 1996 etterfølgt av SFOR.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.02.2012
Sist oppdatert: 14.02.2012