Hopp til innhold
X
Innhald

Kaliber

Kaliber, fransk calibre, av arabisk kalib, form eller modell. Det indre tverrmålet av eit røyr, til dømes løpet på eit skytevåpen, og i den samanhengen òg diameteren på prosjektilet som høyrer til.
Kaliber vert oppgitt i millimeter eller centimeter, men i engelsktalande land er tommar den vanlegaste måleeininga. Kaliber 0,45 vert gjerne skrive .45. Dette skal lesast som kaliber 45, og vil seie at det innvendige tverrmålet i løpet er 0,45 tommar. Kaliber 155 vil seie ein innvendig diameter på 155 millimeter.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.02.2012
Sist oppdatert: 10.02.2012