Hopp til innhold
X
Innhald

Kanon

Kanon, italiensk canone, av latin canna, røyr, skyts med kaliber frå 20 millimeter og oppover. Kanonar skyt med relativ låg prosjektilbane og høg fart. Dei tidlegaste kanonane kan ha hatt løp av tre. På 1300-talet vart det laga kanonar av bronse med understell av tre. Munnladingskanonar vart brukte til 1800-åra, då bakladingskanonar tok over.
Moderne kanonløp vert laga av spesialstål, og ligg ofte i ei «vogge», der ein hydraulisk rekylbremse tek av for rekylen. Bremseverknaden kjem av motstanden i ei væske som vert pressa gjennom mange små opningar. Løpa er riflete innvending, som regel høgrevridde, motsett av gevær. Underlaget til løpet vert kalla affutasjen eller lavetten.
Kanonar vert mellom anna brukte i stridsvogner, panservern, luftvernartilleri, fly og krigsskip. Kanonane til feltartilleriet vert normalt kalla haubits.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.02.2012
Sist oppdatert: 10.02.2012