Hopp til innhold
 Kaptein Eiliv Austlid fekk Krigskorset med sverd post mortem for innsatsen 15. april 1940. Foto: Statsministerens kontor, flickr.com CC BY
Kaptein Eiliv Austlid fekk Krigskorset med sverd post mortem for innsatsen 15. april 1940. Foto: Statsministerens kontor, flickr.com CC BY
X
Innhald

Kaptein

Kaptein (av fransk capitaine, av latin caput, ’hovud’), militært omgrep med fleire tydingar. I ein hær er ein kaptein ein offiser med grad mellom major og løytnant. Ein kapteinløytnant er ein offiser i Sjøforsvaret med grad mellom løytnant og orlogskaptein. Kapteinen er også den øvstkommanderande på skip og passasjerfly. I Storbritannia og USA er dessutan captain brukt om kommandørar i sjøforsvaret. Ordet er også brukt om lagleiaren i idrett.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.04.2013
Sist oppdatert: 23.04.2013