Hopp til innhold
X
Innhald

Krigskorset

Krigskorset, norsk krigsdekorasjon som vart stifta i 1941, og som vert utdelt av kongen i statsråd. Krigskorset går til norske eller utanlandske sivile og militære som på særleg framståande måte har utmerka seg ved personleg tapperheit eller ved leiing av troppeavdelingar, fartøy eller flyavdelingar under kamp. Krigskorset er rangert høgast av alle norske dekorasjonar og ordenar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.02.2012
Sist oppdatert: 10.02.2012