Hopp til innhold
X
Innhald

Krigsskip

Krigsskip eller orlogsskip, einingar i sjøforsvaret som har oppgåver både i krig og fred.

I fredstid overvakar dei aktiviteten rundt kysten, og tek mellom anna del i redningsarbeid og sjøoppmåling. I krigstid skal krigsskip mellom anna hindre invasjon, eskortere konvoiar, sveipe miner og setje tropper i land.

Det største krigsskipet er hangarskip, som fører både fly og helikopter. Andre hovudtypar er kryssarar, destroyerar, eskorteskip som fregattar og korvettar, mineskip, ubåtar, patruljeskip som missiltorpedo- og motorkanonbåtar, landgangsfartøy, og spesialskip som depotskip og kystvaktskip.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.02.2012
Sist oppdatert: 21.08.2017