Hopp til innhold
X
Innhald

Libertyskip

Libertyskip, viktige forsyningsskip for dei allierte under den andre verdskrigen. Skipa var teikna av amerikanaren Henry J. Kaiser, og hadde ein enkel konstruksjon som var spesielt godt eigna for standardisert masseproduksjon. Dødvekta var cirka 10 000 tonn og skipa hadde låg toppfart. I alt vart det frå 1942 produsert rundt 2700 libertyskip i USA.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.02.2012
Sist oppdatert: 10.02.2012