Hopp til innhold
X
Innhald

Lockheed/Martin

Lockheed/Martin, amerikansk verdsomspennande selskap. Det vart etablert i mars 1985, då to av dei leiande teknologiverksemdene i verda, Lockheed og Martin Marietta, slo seg saman. Lockheed/Martin er i dag det leiande selskapet i verda innan forsvarsteknologi for alle forsvarsgreiner. Av produkta deira kan nemnast F-16, C-130, F-117, F-22, F-35, P-3, C-5 Galaxy, og missila Patriot og Trident. Av desse har Noreg F-16, P-3 og C-130.
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.02.2012
Sist oppdatert: 14.02.2012