Hopp til innhold
X
Innhald

Mobilisere

Mobilisere, setje på krigsfot; å innkalle militære styrker under våpen. I Noreg vert ordren om mobilisering gitt per post, radio, fjernsyn, i aviser og/eller ved oppslag på offentlege stader. Luftvernsirener eller kyrkjeklokker kan senda alarmsignalet «Viktig melding. Lytt til radio».
Eit angrep på Noreg utløyser automatisk ordre om mobilisering og motstand med alle midlar, i samsvar med kongeleg resolusjon av 10. juni 1949. Prosedyren for varslingssignal står i alle telefonkatalogar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.02.2012
Sist oppdatert: 10.02.2012