Hopp til innhold
X
Innhald

Nettverkskrigføring

Nettverkskrigføring, ei ny form for krigføring. Dei potensielt sårbare elektroniske nettverka og informasjonssystema har skapt ein ny dimensjon i krigføringa. Ved å bruke elektroniske midlar kan ein part svekka ein annan part, eller setje den ut av spel utan å fyre av eit einaste skot. Ved å lamme eller endre elektrisitetsforsyning, datanettverk og kommunikasjonssystem kan ein setje både bank og finans, informasjons- og leiingssystem ut av spel, og lamme motstandaren. På eiga side vil auka og raskare informasjonsutveksling auke effekten og reaksjonsevna til eigne styrkar, og betre samspelet mellom dei ulike elementa.
Det blir stadig viktigare å ha eit godt forsvar mot elektroniske angrep. Angrepa kan vere svært vanskelege å oppdage før det er for seint, og i dei fleste land satsar forsvar og sikkerheitstenester stadig meir på dette. Under den siste Gaza-konflikten vart 300 israelske nettsider hacka, og i 1999 lamma serbiske (og eventuelt andre) hackarar nettsidene til NATO.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.02.2012
Sist oppdatert: 14.02.2012