Hopp til innhold
X
Innhald

Pistol

Pistol, eit kort handskytevåpen, brukt frå 1400-talet. Den første pistolen med roterande kammerstykke, ein revolver, vart produsert av amerikanske Samuel Colt i 1836. Den første automatpistolen vart laga i USA 1874.
Pistol er også eit fransk namn på eldre spansk gullmynt, innført av Filip II. Denne mynten var eit førebilete for den franske louis d'or.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.02.2012
Sist oppdatert: 13.02.2012