Hopp til innhold
X
Innhald

Rakettvåpen

Rakettvåpen eller missilvåpen, samleomgrep for rakettar med sprengladningar.

Rakettvåpen, eller missilvåpen, har blitt ein stadig viktigare del av moderne våpenteknologi sidan utviklinga av dei tyske V-1 og V-2, det sovjetiske «stalinorgelet» og den amerikanske bazookaen under den andre verdskrigen. Dei finst i alle storleikar frå berbare, panserbrytande våpen til interkontinentale strategiske våpen. Dei kan vere berarar av konvensjonelle eller kjernefysiske sprengladningar.

Interkontinentale rakettar (ICBM) har ei rekkjevidd på 8000–10 000 km. Mellomdistanserakettar (IRBM) har ei rekkjevidd på inntil 5000 km. Taktiske rakettar har ei rekkjevidd på inntil 1000 km. Eit kryssarmissil er eigentleg eit slags førarlaust fly som blir styrt ved hjelp av eit innebygd elektronisk kart. Mange rakettar blir sikta inn før avfyring eller styrte ved hjelp av signal. Nokre er målsøkjande, som bakke-til-luft. Desse styrer etter eksosen til flya.

Rakettar med rekkjevidd på 500–5000 km vart forbodne for USA og Sovjetunionen etter INF-avtalen. Det finst luft-til-luft-, luft-til-bakke-, bakke-til-luft- og bakke-til-bakke-rakettar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.05.2013
Sist oppdatert: 31.08.2017