Hopp til innhold
X
Innhald

Regiment

Regiment (av latin regimentum), militær eining. Eit infanteriregiment er vanlegvis sett saman av tre bataljonar m.m., eit kavaleriregiment av tre–seks eskadronar og eit feltartilleriregiment av to–fire bataljonar. Ordet er også brukt om avdelingar av ein bataljonsstyrke i Storbritannia og Frankrike.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.05.2013
Sist oppdatert: 24.05.2013