Hopp til innhold
X
Innhald

SFOR

SFOR, Stabilisation Force, ein fleirnasjonal fredsbevarande styrke i Bosnia-Hercegovina. Styrken var leia av NATO, og skulle sjå til at Dayton-avtalen vart respektert. SFOR erstatta IFOR 12. desember 1996, og arbeidde til 2004. 38 land deltok i SFOR, som på det meste hadde 54 000 mann. Styrken vart redusert til 12 000 mann i 2002 og 7000 i 2004.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.02.2012
Sist oppdatert: 14.02.2012