Hopp til innhold
X
Innhald

Tomahawk

Tomahawk, eit amerikansk kryssarmissil, kalla opp etter det indianske ordet for stridsøks. BGM-109 Tomahawk er eit lågtflygande subsonisk kryssarmissil, kan brukast i all slags vêr, og har ei rekkjevidde på opp til 2500 kilometer. Tomahawk vart utvikla i 1970-åra, og finst i mange utgåver, som vanlegvis vert fyrt av frå ubåtar eller overflatefartøy. Dei landbaserte GLCM for kjernevåpen vart destruerte i 1987, i samsvar med INF-avtalen. Tomahawk vert òg brukt av Storbritannia, medan Russland, Kina, Korea, Pakistan og India anten har eller utviklar liknande våpen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.02.2012
Sist oppdatert: 14.02.2012