Hopp til innhold
X
Innhald

Tryggingspolitikk

Tryggingspolitikk, dei tiltaka ein stat gjer for å kunne avvise ytre forsøk på politisk eller militært press som kan true suvereniteten og handlefridomen deira. Norsk tryggingspolitikk følgjer to hovudliner: Å oppretthalde eit tilstrekkeleg sterkt forsvar gjennom det allierte forsvarssamarbeidet i NATO, og å bidra til å løyse interessekonfliktar og minske den politiske spenninga mellom statane og arbeide for rustningskontroll og gjensidig nedrusting.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.02.2012
Sist oppdatert: 13.02.2012