Hopp til innhold
X
Innhald

UNIFIL

UNIFIL (United Nations Interim Force in Lebanon), multinasjonal FN-styrke i Libanon som vart oppretta ved vedtak i Tryggingsrådet 19. mars 1978, seks dagar etter den israelske innmarsjen i Sør-Libanon. Mandatet var å sikre at Israel trekte seg tilbake, men israelarane har sett seg imot dette.
Noreg deltok med ein kontingent i UNIFIL frå starten og fram til 1998. Totalt hadde då over 30 000 nordmenn delteke, flesteparten i NORBATT i den austlege delen av UNIFIL-området. Nordmenn gjorde også teneste i verkstadskompaniet, utrykkingsstyrken, UNIFIL-staben og i periodar med sanitet og helikopter. Styrken vart vesentleg styrkt etter Libanonkrigen i 2006, og Noreg deltok med MTB-ar i den maritime delen av UNIFIL.
 
Foto: UNIFIL. Foto: Bunderwehr/Krüger, flickr.com CC BY

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.05.2013
Sist oppdatert: 28.05.2013