Hopp til innhold
X
Innhald

UNTSO

UNTSO, FN-operasjon som vart etablert for å overvake våpenstillstandsavtalane mellom Israel og Egypt, Jordan, Syria og Libanon. Operasjonen vart etablert i juni 1948, og er den eldste FN-operasjonen. Hovudkvarteret ligg i Jerusalem, og UNTSO har i tillegg kontor i Beirut i Libanon, Damaskus i Syria, og Ismailiya i Egypt. I dag er styrken på rundt 150 observatørar og 210 sivile frå 24 land. Noreg har ved tre høve hatt sjefen for styrken, seinast då Robert Modd var sjef 2008–2011.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.02.2012
Sist oppdatert: 14.02.2012