Hopp til innhold
X
Innhald

Befal

Befal, fellesnemning for offiserar og underoffiserar som vart innført ved hærordninga av 1927. Befalet i Hæren og Luftforsvaret har desse gradane: general (berre Kongen og forsvarssjefen), generalløytnant, generalmajor, brigader, oberst, oberstløytnant, major, kaptein, løytnant, fenrik og sersjant. Sjøforsvaret har desse gradane: admiral (berre Kongen og forsvarssjefen), viseadmiral, kontreadmiral, flaggkommandør, kommandør, kommandørkaptein, orlogskaptein, kapteinløytnant, løytnant, fenrik og kvartermeister.
Ein skil mellom kategoriane yrkesbefal, kontraktsbefal (tilsett for kortare tid), vernepliktig befal (skuleutdanna befal med tenesteplikt) og utskrive befal (utdanna under førstegongstenesta ved kortare kurs). Den siste gruppa omfattar også spesialbefal som legar, tannlegar, prestar, ingeniørar og liknande. Heimevernsbefal (HV-b.) er utdanna ved kortare kurs i Heimevernet. Frå 2005 vedtok ein å innføre nemninga avdelingsbefal. Desse går på kontrakt til 35-årsalderen og dekkjer primært mellomnivåa og dei lågare nivåa ved utdanningsavdelingane. Dei får deretter støtte til omskulering for sivil karriere.
 


Fenrik på øving. Foto: Soldatnytt, flickr.com CC BY 2.0

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.05.2013
Sist oppdatert: 29.05.2013