Hopp til innhold
X
Innhald

Befalsorganisasjonar

Befalsorganisasjonar, yrkesorganisasjonar som organiserer befalet i Forsvaret. Befalets Fellesorganisasjon (BFO) er ei samanslutting av ei rekkje tidlegare sjølvstendige befalsorganisasjonar, og organisasjonen er tilslutta Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS). Norges Offisersforbund (NOF) er ei samanslutting av Norges Befalslag og Luftforsvarets Befalsforbund som vart oppretta i 1978. NOF er tilslutta LO Stat. Krigsskoleutdannede Offiserers Landsforening (KOL), som vart stifta i 1909, er tilslutta Akademikerne.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.05.2013
Sist oppdatert: 29.05.2013